Byrkjelo-leikane 2023

NFF Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Friidrettskrins, og Breimsbygda IL arrangerer Byrkjeloleikane laurdag 16.september 2023 på Byrkjelo Stadion. Det er 10.gong leikane vert arrangert så ei lita jubileumsfeiring vert det! :)

Program:

Det kan bli endringar i programmet.

Påmeldingsfrist: 10. september

  

Byrkjeloleikane er ein tilrettelagt aktivitetsdag for deltakarar i alle aldersgrupper, og blir arrangert av Sogn og Fjordane Friidrettskrins, Sogn og Fjordane Fotballkrins, Sogndal United og Breimsbygda IL.

Deltakarane får prøve seg på 60meter, 200meter, kast (liten ball), lengde, hestesko, orientering og fotball.

    Bilete frå Byrkjeloleikane 2016. Etter defilering leia av Breim skulekorps opna ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad, leikane med ein flott apell. 

  

Bilete frå Byrkjelo-leikane 2014 der vi fikk besøk av Sogndal Fotball v/ kaptein Rune Bolseth       

 

5-års jubileet blei feira med «verdens største kake»